Vi har lagt bak oss eit år i storkommunen Stad, etter samanslåing av Eid, Selje og Bryggja. Det nye kommunekartet viser igjen i spaltene våre, noko som har ført til at vi har utvida området vi før dekte redaksjonelt. Lenger avstandar og reisetid har vi merka godt. Engasjementet har vore stort i samband med kommunesamanslåing, og vi merkar at ein er nyfikne på kvarandre sine nye innbyggjarar – også eit år etter.
Vi har vore opptatt av å ha god dekning av politikken i den nye storkommunen, dei ulike politiske utvala og kva vedtak har å seie for innbyggarane. Her har vore saker om forventingar til ny storkommune, og små og stort som gjer innbyggjarane meir kjende med kvarandre.
Spaltene har også vore prega av folkevekst og bustadbygging, vindkraftutbygging, dårleg kommuneøkonomi og ikkje minst koronapandemien.
Og nettopp koronaen har sett sitt preg på heile året - med saker frå eit hardt ramma næringsliv og kva konsekvensar koronaen har gitt.
Vi er normalt ein stor kulturkommune med hundrevis av frivillige, men dette året vart stort arrangement som landskjende Malakoff Rockfestival arrangert som eit mini-Malakoff, noko som også set sitt preg på lokal næringslilv.
Vi har vore nære på kommunen for å få ut informasjon til innbyggjarane, og og vi ser kor viktig rolle vi har som lokalavis spesielt når koronaen pregar lokalsamfunnet.
Eit engasjert næringsliv, høg etableringsvilje og handelsboom, med mange tilreisande handlande har siste åra vore framtredande i lokalavisa. Med koronaen som påverkar frå alle kantar har vi framleis mykje spalteplass til desse temaene, men no på ein annan måte.
Fjordabladet er også opptatt av lokal sport og følgje lokale, unge idrettsutøvarar. Også her påverkar koronaen med manglande treningstider osv. og idrettsgrupper som mister mange utøvarar og står igjen som langt mindre grupper.
For Fjordabladet er det viktig å vise ein god miks av saker, enten det er alle dei frivillige som tar i eit tak for lokalsamfunnet, mangel på bygging av ny gangveg eller kamp om funksjonar og arbeidsplassar. Fjordabladet følgjer lokalpolitikken tett, og viser konsekvensen av vedtak politikarane tar.
Mest leste saker
Topp ti totalt:
1. Sjekk kva bustaden vart selt for 19.800
2. Stad kommune på smittetoppen 8089
3. Fem nye er koronasmitta 4675
4. «Slik ondsinna brøyting finn eg meg ikkje i» 4480
5. Føraren omkom 4322
6. Koronasmitte i Volda – personar i Stad og Stryn er i karantene 4198
7. Ti nye smittetilfelle i Stad 4015
8. Åtte nye personar er smitta i Stad 3616
9. «Har du 30 mill. grunneigar» 3576
10. Åtte smitta – 130 personar i karantene 3327
Topp ti saker (Plussa)
1. Sjekk kva bustaden vart selt for 19800
2. Føraren omkom 4322
3. Sjåfør i alvorleg ulykke 2790
4. Hund fann bilføraren 2431
5. Spektakulær utforkøyring i Stigedalen 2201
6. Snarrådig handling og englevakt hindra alvorleg bilulykke ved Naustdal 2138
7. Mann funnen i vegkanten på Nes 2025
8. Ein person til sjukehus 1976
9. Politiet leiter etter føraren av bilen 1945
10. To nye personar har testa positivt – 60 personar er i karantene 1829
