• Koronapandemien har prega lokalsamfunnet vi dekkjer også i 2021, der særleg delar av næringslivet samt kulturlivet tidvis har vore råka av nasjonale nedstengingar. Først og fremst gjekk dette utover hotellbransjen og utelivsbransjen.
• Men den tida av året vi ikkje hadde nedstenging, gjekk alt «så det susa», i den forstand at indre Nordfjord for andre året på rad viste seg å vere eitt av områda i landet «alle» skulle besøkje i løpet av ferien sin. Så frå ein vinter og tidleg vår med stengde hotell var situasjonen fulle hotell og fulle campingplassar heile sommaren og tidleg haust. Fram mot jul auka smittespreiinga i landet, og på tampen av året og inn i 2022 fekk vi ein ny periode med nedstenging, denne gong også med full, landsomfattande skjenkestopp.
• Gjennom året 2021 lærte vi oss likevel til å leve med pandemi, der standarden vart sett for ein «ny normal» utan mange fysiske møte, minimal reiseaktivitet, nokre tidvis på heimekontor, avstand mellom folk og bruk av munnbind.
• I denne tida lærte mange seg å finne kreative løysingar. Som til dømes kyrkja, som på dagar veret tillet det, inviterte til utandørs gudstenester når ein ikkje fekk bruke kyrkjerommet.
• 17. mai vart ein annleis nasjonaldag i våre to kommunar som elles i landet, for andre år på rad. Med fellesarrangement avlyste, tok Fjordingen i bruk sin eigen lokalradio. Grendelag, skular og 17. maikomitear hadde på førehand gjort opptak både av elevar sine taler og helsingar, korpsinnslag og historieforteljingar. Dette la vi inn som ein førehandsredigert sending, som gjekk fleire gonger i løpet av nasjonaldagen. I tillegg hadde vi utegåande reporterar som leverte stoff til nettavisa. Gjennom radiosendinga og stor satsing på Fjordingen si nettavis bidrog mediehuset nok ein gong til å skape ein nasjonaldagfeiring alle kunne vere med på. Vi bidrog til å knyte folk og grender saman på ein dag vi ikkje kunne feire saman reint fysisk.
• Sendinga 17. mai var viktig, men Fjordingen har gjennom heile året brukt sin eigen lokalradio til lokale sendingar med sport, underhaldning og musikk. Også til sending av lokale gudstenester når kyrkjene har vore stengde for publikum.
• Sjølv om grensa til Norge var open denne sommaren, valde mange å feriere i eige land. For andre år på rad vart Nordfjord og Nordvestlandet saman med Nord-Norge den store vinnaren i kampen om norske turistar som skulle feriere i eige heimland. Dermed nye utfordringar som blant mykje anna skulle handle om «villcamping» og stort press på område som tidlegare var lokale perler utan mykje besøk.
• Koronapandemien har vore i det daglege nyheitsbildet for Fjordingen på nett og papir. Og fleire av sakene som ikkje handlar om korona har likevel blitt annleis fordi aktiviteten i samfunnet har vore prega av smittevernstiltak.
• I det store og heile har nyheitsredaksjonen spegla samfunnet slik det var og dekka alt frå ny dødsulukke med basehoppar, trafikkulukker med verst tenkelege utfall, politiske møte, sport og ikkje minst næringslivet sin situasjon. Nokre med problem som følgje av korona, andre som opplever til dels sterk vekst. Viktig dokumentasjon som høyrer heime i lokalavisa.
• Samferdsle er og blir viktig for ei lokalavis som opererer i område med fjordar, fjell og trange dalar. Når veret slår seg vrangt får temaet samferdsle ein ny dimensjon. Som når skred stengjer dalføre med fastbuande ute frå omverda i fleire dagar. Det skjedde også i 2021. Og jula 2021 var det og ti å sidan juleorkanen Dagmar herja Nordvestlandet, og gjorde stor skade på vegar, hus, straumforsyning og anna. Dette markerte vi med eit stort tilbakeblikk på det som skjedde, og der vi snakka med dei involverte ti år etter.
• Det å kjempe fram viktige vegsamband, er ei viktig rolle for ei lokalavis som opererer på innbyggjarane sine vegne. Våren 2021 vart det politisk fleirtal på Stortinget for å støtte bygging av ny tunnel på rv 15 Strynefjellsvegen, då ny Nasjonal Transportplan vart handsama. Sjølv om fleire enkeltvedtak må fattast, både i form av tidsmessig prioritering og løyving av pengar, vart det sett på som ein viktig tverrpolitisk milepåle at fleirtalet på Stortinget no lovar å byggje ny tunnel. Eit prosjekt som betyr at vegen ikkje lenger må stengjast på grunn av ras eller rasfare, og der ny tunnel vil eliminere den mest verutsette delen av dagens veg. Parallelt med kampen for å få Strynefjellsvegen politisk prioritert, pågjekk det i 2021 bygging av ny tunnel til Flo, og ferdigstilling av ny tunnel til Blakset. Ikkje minst tunnelen til Flo, er resultat av mange sin kamp for rassikringsmidlar over svært mange år.
• Generelt er Fjordingen si hovudoppgåve å vere først ute med dei viktigaste nyhende for og om folk i området vi dekkjer.
• Vi skal ha hovudfokus på nyhende og krydre avisa med dei gode og nære reportasjane. Gjennom tekst og gode bilde skal vi gje lesarane i nærområdet til liks med utflytta stryningar og honndøler eit godt speglbilde av kva som skjer på godt og vondt.
• Vi skal vere ein god debatt-arena der folk skal få sleppe til med meiningane sine. Og vi skal ikkje minst vere tilbodstorget der annonsørar og lesarar møtast gjennom tilbod og etterspørsel.
• Papiravisa kjem to gonger i veka. Nettavisa lever døgnet rundt, året rundt, og er vår raske og viktige nyhetskanal som og gir plass til dei gode reportasjane. Vi jobbar aktivt med å framheve kvalitetane både med nettavis og papiravis.
• Radio Stryn er avisa sitt ekstra krydder, men som i 2021 er blitt aktivt brukt til endå fleire sendingar enn før.