Fjuken skal vera den mest lesne avisa i dekningsområdet, både på papir og nett.
Stadig fleire fylgjer oss digitalt, men er klar over at papirabonnentar fell frå. Ei utfordring blir å rekruttere nye lesarar.
Vi er tett på lesarane, alle kjenner alle i nedslagsfeltet, og alle veit «kven» Fjuken er. Det kan like gjerne vera ei ulempe som ein fordel. Konkurransen med andre lokale medium og sosiale medium, gjer at vi heile tida lyt finne eigne gode saker. Samstundes skal vi ha søkeljoset på kva det offentlege driv med, og fylgje lokalpolitikken tett.
Når det gjeld deling på Facebook er vi til ein kvar tid «på» for å luke ut upassande kommentarar.
Mange av dei nye reiskapane vi har teke i bruk gjev oss moglegheit til å sjå kva lesarane verkeleg les, kva dei helst vil ha - og kva som ikkje blir lese.
Fjuken skal spegle lokalsamfunna, både på godt og vondt. Vi har eit like stort ansvar for å syne fram dei positive sidene ved bygdene våre som dei negative, men frå lokalpolitikarane si side blir vi ofte oppfatta som negative.
Fjuken skal vera ein kulturberar i dekningsområdet.
Fjuken skal gjeva lesarane opplevingar dei ikkje får andre stader. Med fleire andre medium i same dekningsområde, er det konkurranse om å vera fyrst ute med nyheiter. Her meiner vi sjølve at vi er nokså kjappe og er eit nyheitsmedium på nett. Alle sakene er også delt på Facebook, og mykje av trafikken kjem derifrå. Vi kjem ut med tre magasin i året, i tillegg til store aviser før jul.
I 2021 har vi sett i gang Fjuken-TV ved hjelp av midlar frå MBL, og har satsa på videoinnslag minimum ein gong i månaden. Dette har vore spesielt retta mot dei unge. Vi kunne ynskt oss høgare visningstal, men ser at det tek tid å bli identifisert som ein leverandør av levande bilde/lyd. Vi ynskjer å satse vidare på dette, og er i gang med vidareutvikling. Vi ynskjer etter kvart også å etablere eit studio i mediehuset.