Store delar av samfunns- og kulturlivet har ligge nede på grunn av koronatiltaka, og den sosiale omgangen har vore avgrensa. Det har og avgrensa mulegheitene til å drive journalistikk. Likevel har vi gitt ut 102 innhaldsrike aviser, og publisert 4000-5000 artiklar og saker på nett
Framleis er berre vel halvparten av abonnentane innom oss kvar veke. Likevel hadde vi ei dobling av plusstrafikken i 2021. Samstundes auka talet på sidevisningar med vel 40 prosent, sjølv om vi har publisert færre opne saker. Dette er ein vekst vi må vere godt nøgde med, trass i at talet på abonnentar som er innom per veke veks forholdsvis sakte.
Arbeidet i ein lokalavisredaksjon er prega av høgt tempo og stort produksjonspress. Likevel har vi hatt saker som har krevd stor ressursbruk.
Vi har tatt opp eit vanskeleg tema som skulevegring, gjennom artiklar frå frilansar Oddhild Harman.
I dokumentarartikkelen «Ein farleg mann», tok vi opp spørsmålet om kva som skal til for at samfunnet grip inn mot psykisk ustabile og potensielt farlege personar, såkalla «tikkande bomber.» Utgangspunktet var ein person frå Ørsta-Volda som nesten vart drepen av ein psykisk sjuk mann med rusproblem. Spørsmålet om korleis samfunnet skal møte potensielle «tikkande bomber» skulle seinare på året kome øvst på den nasjonale dagsorden i samband med drapa på Kongsberg.
På tampen av året hadde vi ein omfattande dokumentarartikkel for å markere 30-årsdagen for Nyttårsorkanen.
Dette er tre døme på at vi er i stand til å levere gjennomarbeidde og arbeidskrevjande saker, trass det store produksjonspresset.
Samstundes må vi vedgå at produksjonspresset ofte gjer at vi vel lettvinte løysingar i journalistikken. Vi tyr ofte til kopiering/kjapp redigering av pressemeldingar, saksdokument og dokument/brev som vi hentar ut frå postlistene. Det er for mykje refererande einkjeldejournalistikk, sjølv om vi har blitt betre på å innhente tilsvar og kommentarar frå andre kjelder.
Pandemien har også gjort at vi i mindre grad oppsøker kjelder. Intervju og innhenting av kommentarar , også i konfliktsaker, vert oftare gjort via e-post, noko som mellom anna fører til at det i praksis vert lite høve til oppfølgingsspørsmål. Og vi slepp ikkje til når viktige hendingar skjer, slik som når første vaksine vart sett i Ørsta, inne på ein sjukeheim. Dermed må intervju gjerast på telefon eller via e-post, og vi vert avhengige av innsende bilete.