
Nils Einar Rye intervjua den populære soknepresten i Sykkylven, Erlend Lunde, som også jobbar som fengselsprest. Rye tok også bileta til saka.

Ingrid Kvamstø Hjellbakk stod for tekst og foto til ein fin artikkel i samband med valentinesday.

Humoristen Geir Kvalvåg som figuren Bertram trekte ut vinnaren av Nyss si julekorg. Tommy Rasmussen laga ein morosam videosnutt av det heile. Det var stor interesse for julekorga, og Nyss fekk mange nye Facebook-følgjarar. Vi deler alle saker som vi reknar med vil bli mykje lest der.
Trykk her for lenkje til videoen.
Årets ti mest leste plussaker
1. Hus og løe brann ned utan at nokon melde frå, 2.945 visningar
2. Bil hamna i vatnet, 2.052 visningar
3. Trua folk med kniv på butikken, 1.910 visningar
4. – Vi er førebudde på at det kan kome meir smitte, 1.891 visningar
5. Lastebil utfor veen, 1.613 visningar
6. Brann i to køyretøy, 1.606 visningar
7. Bustadar blei evakuert etter jordskred, 1.606 visningar
8. – Eg har alltid visst at det var noko som ikkje stemte, 1.527 visningar
9. Bil gjekk rundt, 1.504 visningar
10. Braut seg inn på apotek, 1.504 visningar
Årets ti mest leste opne saker
1. Nytt smittetilfelle, 12.513 visningar
2. Ole Andre og Odd Kåre blei gravlagde, 7,760 visningar
3. Politiet frigjorde namna, 7.401 visningar
4. Nye smittetilfelle, 6.986 visningar
5. Nytt smittetilfelle i Stranda, 4.408 visningar
6. Eitt nytt smittetilfelle, 4.332 visningar
7. Nytt smittetilfelle i Sykkylven, 3.992 visningar
8. Nytt smittetilfellei Sykkylven, 3.876 visningar
9. To nye smittetilfelle, 3.353 visningar
10. Svar til Odd Jostein Drotninghaug og Jan Ove Tryggestad, 3.230 visningar

Saka som det var mest interesse for i 2021, om ein ser vekk frå korona, var om ei hending der to menn, far og son, vart drepne av to oksar. Vi hadde mange artiklar om dette, over fleire månadar. Det var utfordrande å vite kor nært ein burde gå i denne saka, med omsyn til dei pårørande. I ettertid fekk vi takk frå dei for framferda vår. Framsidefotografiet er tatt av Even Ørjasæter.