Sunnhordland skal vera det mediet som gir folk i regionen vår dei viktigaste nyheitene. Me skal gi innbyggjarane informasjon og forklara hendingar. Me skal engasjera og fremja den politiske debatten. Sunnhordland skal laga journalistikk på næringslivet, kulturlivet og den lokale sporten. Me skal sjå makta i korta og vera vaktbikkje. Samstundes skal me løfta fram personar og initiativ som gjer at samfunnet vårt blir ein betre stad å bu og leva.

PRESSA TENESTE: I slutten av 2020 var mangelen på sjukeheimsplassar i Stord og situasjonen for dei eldste i kommunen, ei sak me skreiv mykje om. Dette jobba me vidare med i 2021. 20 januar publiserer me saka der me fekk ein tilsett i heimetenesta, Camilla Dvergedal, til å skildra ein dag på jobb. Saka får stor merksemd og skapar debatt om rekruttering til heimebaserte tenester. Eldreomsorga vil dei neste åra vera ein av dei aller største sakene lokalt. Innan 2030 har Stord kommune trong for 90 nye sjukeheimsplassar. Dette er eit felt me må følga tett i åra som kjem.
MANNEN SOM BLEI VEKK: Ei av dei grundige sakene me laga i 2021 var om Tom Fagerland. Han var ein mann alle på Stord visste kven var. I november 2017 drar Fagerland til Kalvåg for å kjøpa ein båt. 2. november startar Fagerland heimturen, men så forsvinn alle spor. I ein 14 sidars reportasje fortel me kva som skjer like før stordabuen drar frå kaia, og kva folk rundt 58-åringen tenker om kva som kan ha skjedd. I researchen har me mellom anna fått innsyn i etterforskingsdokumenta i saka.


KORONA MED FØLGER: I mars slo ei ny smittebølge til lokalt. Randi Elin Glesnes (46) som driv den lokale fiskebutikken er blant dei som har kjent på kroppen at covid-19 kan slå annleis ut enn ein vanleg influensa. Ho slit framleis med etterverknadar.
FLYTTESTRAUMER: Sunnhordland er eit av svært mange media som er med på gigant-prosjektet «Den store folkevandringa». Å sørga for attraktivitet og befolkningsvekst blir viktig i framtida. I ein av dei mange sakene me laga har me intervjua ungdom i Fitjar.
VALKAMP: som lokalavis er utfordringa å laga eigne saker og ikkje berre skriva om rikspolitikarar som legg turneen forbi. Ei av sakene me lager er om 22 år gamle Lisa Volden som er tilsett i 16,9 prosent stilling, og må jakta på ekstravaktar for å få ei inntekt å leva av.

TEK TEMPEN: I valkampa vel me å få laga lokal meiningsmåling og legg tilleggsspørsmål om Hordfast og fortsatt oljeleiting. Dette gir oss mogelegheit til å presentera heilt unike tal på korleis innbyggarane i våre kommunar stiller seg til desse spørsmåla. Samferdselsprosjektet og nedfasinga av olje- og gassnæringa og det grøne skifte er truleg blant dei viktigaste sakene for vår region i åra som kjem.

NÆR: Som lokalavis har ein fordelen av at ein kjem lesarane heilt innpå livet og får tilgang til saker som denne. Her handlar det om 70-åringen som er blitt dement, og som får husmåling i gåve frå kompisgjengen.

TATOVERINGAR: Vis meg huda di så eg kan sjå kven du er. Stadig fleire vel å dekorera kroppen med kunst. Me har fått lokale folk til å visa fram tatoveringane sine og fortelja historia bak.

ÅTVARER ANDRE: I ein iskald november med skyhøge straumprisar vel mange å fyra med ved. Ein familie på Stord stiller til intervju for å åtvara mot faren vedfyring utgjer for små ungar. Guten deira Chrisander (3) har fårtt varige skader i hendene.