Sunnmørsposten

Innflytting i nye lokale, opplagsvekst og etablering av kompetansesenter for levande bilete, er tre stikkord for 2021. Stadig fleire les Sunnmørsposten digitalt, og i fjor hadde vi eit gjennomsnitt på 2,5 millionar sidevisingar i veka, noko som er ny rekord. Kva var bra, og kva kunne vi ha gjort betre? Vi ønskjer å vere opne om våre vurderingar, og det er formålet med denne rapporten.

 





Fakta
Samlet opplag 26834
Utgiversted Ålesund
Ansvarlig redaktør Hanna Relling Berg (63)
Kommer ut Måndag til laurdag på papir – alle dagar på nett
Daglige lesere totalt
75600
Daglige brukere på nett
51800
Daglige brukere på mobil
38000
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 10856
  • Redaksjonelle årsverk
  • 40
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 0
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 0

    Mål og prioriteringar

    Sunnmørsposten skal vere førstevalet for alle som vil oppdatere seg om nyheiter i nordvest. Vi skal informere om det som skjer, avdekke maktmisbruk og andre kritikkverdige forhold, verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming og få fram det positive i samfunnet som kan inspirere og skape glede. Vi skal også legge forholda til rette for ein open offentleg debatt, slik at ulike syn kan kome fram. Kort sagt ønskjer vi å bidra til at folk i nordvest får ein betre kvardag. 

    I august flytta Sunnmørsposten inn i nye lokale i Pirbygget i Keiser Wilhelmsgate, etter nesten 20 år i Røysegata. Dei nye lokala er betre tilpassa dagens drift, og gir oss fleire moglegheiter til å utvikle lyd- og bildejournalistikken. 

    Årets høgdepunkt var opninga av Polaris Medias kompetansesenter for direktesendingar og levande bilde som er lagt til Sunnmørsposten. Kompetansesenteret skal tilby support og opplæring til alle mediehus i konsernet, og tilfører regionen fleire nye, spennande arbeidsplassar. Sunnmørsposten har vore pioner på bruk av streaming, og har sendt direkte frå både konsertar, fotballkampar og ulike hendingar i mange år. No kan dette feltet bli utvikla vidare. 


    Legg til i min rapport

    Samfunnsrolle

    Vi har sett søkelys på barnefattigdom i vårt område, og undersøkt kva som blir gjort for å hjelpe barn og familiar som har det vanskeleg.  Ein større reportasjeserie handla om rusproblematikk. Vi møtte dei det gjeld, rusmisbrukarane sjølve, pårørande og dei som er nærast problema i rusomsorga. Serien avdekte fleire store dilemma og utfordringar på området, mellom anna mangelen på gode nok tilbod til alvorleg sjuke som kan vere farlege for både seg sjølv og andre. Folkevalde vart utfordra til å svare, og dette følgjer vi opp vidare. 

    Møt menneskene bak rusen

     

    Drama på havet

    5. april blei det sendt ut naudmelding frå lasteskipet MS "Eemslift Hendrika" som då låg 60 nautiske mil vest for Ålesund med 12 mann om bord. Skipet hadde slagside på grunn av last som hadde forskuva seg. Det var starten på to dramatiske nyheitsdøgn som toppa seg då den då evakuerte båten var nær å drive på land ved Stadlandet med 350 tonn tungolje om bord. Sunnmørsposten var tett på situasjonen heilt til "Eemslift Hendrika" i siste liten blei berga frå å grunnstøyte og taua inn til Ålesund.

    Tema: Eemslift Hendrika

     

    Tragisk lynnedslag på fjellet

    Søndag 4. juli kom eit kraftig torevêr innover Sunnmøre. På fjellet Melshornet i Hareid kommune omkom to søstrer på 18 og 12 år då dei blei råka av lynet. Ei tredje søster var med på fjellturen, men kom frå det med livet i behald. Den djupt tragiske hendinga sette sterkt preg på kommunen og dekninga i Sunnmørsposten dei komande dagane.

    To omkom og en tredje er hardt skadet etter lynnedslag på fjellet

     

    Raset ingen gløymer

    Snøraset i Molaupsfjella 23. november 1971 tok ikkje berre sju menneskeliv. Alle grendelaga langs Hjørundfjorden blei ramma så hardt at spora er tydelege 50 år etter. Ingenting blei som før og såra er framleis opne. Sunnmørsposten valte å fortelje om ulykka på nytt med visuelle verkemiddel som synleggjorde ulykka på betre vis enn det som har vore gjort tidlegare. Vi trefte også fleire av dei som var involverte i ulykka og fekk deira historier.

    Raset i Molaupsfjella

     

    Familiar i uferdige hus

    I februar vart Sunnmørsposten kontakta av ein bustadeigar på byggefeltet Hjellhaugen i Ålesund. Fleire familiar hadde ikkje fått bruksløyve til heimane sine, og som følgje av det vart dei truga med utkasting av kommunen. Dei hadde i lang tid kjempa for å få erstatning frå utbyggaren, som hadde signert gjeldsavtale der det vart innrømma skuld, men pengane hadde ikkje kome.  Dei var i ein svært vanskeleg situasjon. Sunnmørsposten gjekk grundig gjennom forretningshistoriene til utbyggaren, og dokumenterte tvilsam forretningsskikk. 

    – Vi opplever at vi er blitt lurt

    Sunnmørsposten vart klaga inn til PFU av to aktørar i saka, men vart ikkje felt. (Sjå meir om dette under punkt Etikk) 

     

    Ein time på Nordøyvegen

    Like før jul opna første delen av Nordøyvegen, vegprosjektet til 5,6 milliardar kroner som gir fastlandssamband for 2700 menneske på fem øyar nordvest for Ålesund. Sunnmørsposten blei med på jomfruturen med journalist og fleire fotografar. Vi filma heile turen, både frå bilen og med dronar. Den timeslange sendinga gav eit godt innblikk i byggeprosjektet og blei godt motteke av lesarane.

    Bli med på jomfrutur på Nordøyvegen

     

    Baby i ukjent grav

    Tidlegare var det vanleg praksis å legge babyar, som døde før eller like etter fødsel, i kista til ein død vaksen. Sjølv om intensjonen kunne vere god, har ordninga påført mange foreldre stor smerte. Reportasjen «Hvor vart det av Rolf-Andre?» handlar om dette temaet. 

     

    Jakta på eit lite virus

    Pandemien har sett sitt preg på kvardagen til oss alle, det siste året, og vi har lagt veg på å belyse ulike forhold. I reportasjen «Hei, det er frå smittesporingen i Ålesund» snakka vi både med folk som var blitt smitta, og dei som hadde i oppgåve å oppspore smittekjelda. 

    – Hei, det er fra smittesporingen i Ålesund

     

    Stortingsvalet

    Samferdsel, sjukehusdrift og kommunestruktur var aktuelle saker som prega både nyheitsdekninga og debattsidene våre under årets valkamp. Valnatta samarbeidde vi med NRK Møre og Romsdal om direktesendt valvake frå Terminalen, der toppkandidatar frå alle partia i fylket deltok. 

     

    Næringsliv

    Enkelte bedrifter har kome styrka ut av pandemien, medan andre har mista fotfestet. Ei sak om eit byggefirma med 51 tilsette som gjekk konkurs, vart den meste leste saka på smp.no i fjor. Ein konkurs involverer svært mange, og derfor er informasjon viktig. 

    Sunnmøre har eit næringsliv som markerer seg internasjonalt, og tilfører Norge store eksportinntekter. Dekning av dette stoffområdet har derfor høg prioritet i Sunnmørsposten. I tillegg til den daglege nyheitsdekninga, blir det sendt ut eige nyheitsbrev kvar veke, og næringslivspodkasten MAR er på lufta annan kvar torsdag. 

     

    Kultur

    Konsekvensane av museumsreforma er eit tema som har fått brei omtale i Sunnmørsposten. Fleire lokale museum har sagt nei til å gi frå seg eigedomsretten til gjenstandar og eigedom til Viti, og vil heller etablere eigen stiftelse. Sjeldan har museumsstrid skapt så mykje debatt. 

    Ein av dei mest leste reportasjane i fjor handla om Slinningsbålet, ei fantastisk historiske om tradisjon, dugnadsvilje og pågangsmot. 

    Slinningsbålet lenge leve

     

    Sport

    Karsten Warholm er den første sunnmøringen som har tatt eit individuelt OL-gull. Han vart i fjor årets mannlege idrettsutøvar i verda, og vart stemt fram til Sunnmørspostens heiderspris.

    Warholm tok OL-gull og satte verdensrekord

    Sebastian Foss Solevåg tok sin første verdscupsiger og tok i tillegg VM-gull i slalåm, samt gull i lagkonkurransen, og vart fjerde nordmannen i historia med VM-gull i slalåm. 

    Sebastian Foss Solevåg er verdsmeister i slalåm!

    Legg til i min rapport

    Her er dei mest leste sakene i 2021

    Mest lest næringsliv (kategori)
    Mest lest reportasje (kategori)

    Legg til i min rapport

    Direktesendingar

    Sunnmørsposten har tatt nye steg når det gjeld direktesendingar. Ikkje minst har etableringa av Polaris Medias streamsenter i Ålesund skapt eit større kompetansemiljø. 

    Vi sende direkte frå om lag 130 kamper, frå 2. til 5.divisjon, i kvinne- og herrefotball,  i tillegg til handballkampar og Ålesund maraton. Vi har også sendt direkte frå kunstsamtalar, musikkkonkurranse, miniseminar om teknologitrendar og oppsummering av koronaåret 2020. Livestreaming av Slinningsbålet hadde nær 70.000 sjåarar på smp.no. I tillegg gjekk sendinga internasjonalt via Innovasjon Norge sine facebooksider. 

    Vi feira innflytting i nye lokale med stor direktesending frå Pir, med underhaldning, intervju og musikkinnslag. Dette skjedde i «korona-pausen» i oktober, som gjorde det mogleg å invitere 150 lesarar som gjestar i salen. 

    Det blir humor, debatt og musikk i lørdagens feiring

    Podkast

    Vi har for tida tre podkastar, næringslivspodkasten Mar, med 12 episodar i 2021, og fotballpodkasten Sunnmørsball med 16 episodar. Vi har også publisert enkeltepisodar av podkasten Sunnmørsfolk siste året.

    Hør alle episoder av podkaster fra Sunnmørsposten


    Legg til i min rapport

    Prisar

    Desse prisane har Sunnmørsposten delt ut: 

    Idrettsprisen: Dimna-trenar Arve Hatløy

    Kulturprisen: Komikar Terje Sporsem

    Heidersprisen: OL-vinnar Karsten Warholm 

    Dimna vinner dobbelt

    Sunnmørsposten er også med på å dele ut Nyskaperprisen for å inspirere til berekraftig nyskaping i nordvest, saman med representantar for NTNU, ÅKP, Næringsforeningen Ålesund, Sparebanken Møre, Sparebank1 SMN og Nordea. Årets pris gjekk  til C Food Norway, som skaper gull av fiskerestar, og er verdsleiande innan foredling og sal av tørka svømmeblærer frå torsk.

    Desse prisane har Sunnmørsposten fått: 

    Fotograf Nils Harald Ånstad gjekk av med sigeren i fotokonkurransen i regi av Møre og Romsdal Journalistlag med bilde tatt som illustrasjon i ein reportasje om «burning». Staale Wattø fekk heiderleg omtale for bildet «Politimannen og peikefingeren» – som vart tatt då politiet kom for å fjerne demonstrant som hindra anleggsstart for vindkraftutbygginga på Haramsøya. 

    Tidlegare journalist i Sunnmørsposten, Elisbeth Solvang, fekk Møre og Romsdals Journalistpris i kategorien feature for ein serie artiklar rundt temaet sjølvmord. 


    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling og etikk

    På grunn av pandemien er det blitt mindre kursverksemd enn tidlegare år. Ein medarbeidar har deltatt på IJ-kurs om krimjournalistikk, og to medarbeidarar på kodekurs i regi av Next Digital.

    Vi hadde planlagt internkurs i regi av Senter for Undersøkande journalistikk, men det måtte  utsetjast til januar på grunn av korona. Dei daglege redaksjonsmøta er blitt gjennomført på teams, med evalueringar og fordeling av oppgåver. 

    Vi er i gang med å utvikle kompetanseprogram i samarbeid med Institutt for journalistikk som skal gjennomførast i alle mediehus i Sunnmørsposten konsern i løpet av 2022. Kursa legg vekt på opplæring i undersøkande journalistikk og levande bilde. 

    Dette er vi ikkje fornøgd med:

    Koronapandemien og heimekontor har ført til mindre reiseaktivitet, færre intervju ute i felten, og fleire telefonsaker. No som restriksjonane er i ferd med å bli oppheva, ser vi fram til å kome oss meir ut for å møte folk og lage reportasje.

    Språkleg slurv og skrivefeil har vi framleis for mykje av. 

    Når målet vårt er å spegle heile samfunnet, må vi bli flinkare på mangfald, både når det gjeld  kjeldebruk og rekruttering. 

    Berre litt i overkant av 60 prosent av abonnentane våre er innom og les pluss-saker på smp.no i løpet av ei veke. Vi har ikkje vore flinke nok til å informere om alle tenestene som er inkludert i eit abonnement på Sunnmørsposten.  

    Etikk

    Vi lever av tillit og truverd, og presseetikken er ein heilt sentral del av det daglege arbeidet. Spørsmål som «Har alle fått kome til orde? Er det henta inn tilsvar?» høyrer ein ofte på desken. 

    Sunnmørsposten vart klaga inn til Pressens Faglege Utval (PFU) i fem saker i 2021, men vart ikkje felt. Tre saker gjekk til full behandling, medan to fekk forenkla behandling: Det vil seie at sekretariatet meinte det var openbert at sakene ikkje var i strid med god presseskikk, og dette vart stadfesta av PFU. 

    Her er ei oversikt over sakene: 

    Romsdalsaksen mot Sunnmørsposten: Konklusjon: Ikkje brot på god presseskikk. Du kan lese alt om klagebehandlinga her.

    Vi vart også klaga inn av MUM (Møre utan Møreaksen). Klagen fekk forenkla behandling: Konklusjon: Ikkje brot på god presseskikk. 

    Som tidlegare omtalt vart det levert to klager på reportasjen om byggefeltet Hjellhaugen i Ålesund. Klagen frå utbyggaren vart tatt til forenkla behandling. Konklusjon: Ikkje brot på god presseskikk. 

    Klagen frå ein annan person som var omtalt i saka, gjekk til full behandling. PFU kom fram til at Sunnmørsposten, etter ei samla vurdering, ikkje hadde brote god presseskikk. Les alt om klagebehandlinga her.

    Vi vart også klaga inn av NN som meinte ho vart skulda for å ha gått til åtak på ei svane. Etter ei samla vurdering konkluderte PFU med at vi ikkje hadde brote god presseskikk. 

    Les meir her.

    Dette har vi lært:

    Sjølv om vi gjekk fri i Pressens Faglege Utval, har vi gått grundig gjennom alle sakene for å sjå om det er noko vi kan lære. Her er nokre moment vi tek med oss vidare:

    * Det er ekstra viktig å ta atterhald når vi ikkje får alle partar i ei sak i tale. 

    * Dersom ein person ikkje ønskjer å nytte seg av retten til samtidig imøtegåing, må vi sørge for å få dette skriftleg, slik at det ikkje oppstår tvil i etterkant om kva som er avtalt.

    Etikk handlar om meir enn klagesaker til PFU. Som mediehus har vi eit særleg ansvar for å få fram ulike synspunkt og stemmer, og legge forholda til rette for ein open og konstruktiv samfunnsdebatt. Vi har null toleranse for hets, rasisme og sjikane. 

    Korleis definere rasisme? Dette diskuterte vi på eit redaksjonsmøte. Rasisme går på haldningar som deler menneske inn i påståtte «rasar», der enkelte blir framheva som meir verdifulle enn andre. I dag blir omgrepet også brukt om fleire former for etnisk diskriminering, basert på til dømes som nasjonalitet, utsjånad, funksjonsnivå, kultur eller religion. 

    Det er menneske som skal vernast – ikkje ideologiar. Politiske retningar og religionar skal alltid kunne kritiserast. Vi skal sørge for stor takhøgd i samfunnsdebatten, og ikkje vike unna for vanskelege saker og kontroversielle tema. 

    Sunnmørsposten har eit tydeleg menneskesyn, som slår fast at alle menneske er like verdifulle, uavhengig av hudfarge, kjønn, alder, legning, funksjonsnivå, livssyn, økonomisk.

    Design og produksjon

    SMP Lab er Sunnmørspostens digitale utviklingseining med to årsverk. Det er mellom anna blitt jobba med å vidareutvikle digitale forteljarteknikkar, nyheitsapp, lansering av nye webkamera,  podkastar, det er utført ulike tenester for lokalavisene, inkludert opplæring av nye medarbeidarar. Flytting til nye lokale, har også krevd mykje arbeid. 

    SMP Produksjon har fire tilsette som har kompetanse på grafisk arbeid, design og presentasjon. 

    Avdelinga produserer Sunnmørspostens papiravis – inkludert magasin – samt delar av følgande aviser: Vestlandsnytt, Vikebladet Vestposten, Møre-Nytt, Nyss, Fjordingen, Fjordenes Tidende og Dølen.

    I avdelinga blir det arbeida også med design og produksjon av større digitale presentasjonar – hovudsakeleg for Sunnmørsposten. Eigenmarknadsføring og anna designarbeid er også eit av arbeidsområda. I 2021 vart Nyss fasa inn i produksjonen, det same med Dølen. I tillegg fekk Nytt i Uka bistand med overgang til papirproduksjonssystemet som blir brukt av dei andre avisene i Sunnmørsposten konsern.




    Legg til i min rapport

    Spørsmål frå Stiftelsen

    1. Under pandemien er media en viktig kanal for informasjon og kommunikasjon fra myndighetene til innbyggerne. Kan den oppgaven komme i veien for selve journalistikken? Hvordan ivaretar dere den kritiske journalistikken og rollen som arena for debatt i dekningen av pandemien?


    Vår oppgave er både å formidle pålitelig informasjon, og å overvake all utøving av makt. Å informere kjem ikkje i vegen for journalistikken, men det må ikkje stanse der, slik at vi blir passive formidlarar. Vi har stilt kritiske spørsmål, bede om innsyn i bakgrunnen for lokale avgjerder og hatt stor takhøgde på debattsidene for folk som er kritiske til handteringa av pandemien. 
    Kva vi burde gjort betre? 
    I ettertid ser vi at vi burde latt ein eller fleire medarbeidarar fått høve til å spesialisere seg på koronahandteringa, for dermed å auke kompetansen på feltet. 

    2. Føler du deg som Polaris-redaktør trygg på at redaktørens styringsrett alltid blir respektert i ditt konsern?

    Ja, det er eg trygg på. Redaktørens uavhengigheit og styringsrett blir respektert, og eg har aldri opplevd utidig innblanding i redaksjonelle spørsmål. Redaktørplakaten og Vær varsam-plakaten er grunnvollen som vi bygg verksemda vår på.  Som konsern er vi nok mindre sentralstyrt enn andre, og det er ein verdi vi må halde fast ved. 

    3. Hva gjør redaktørene og redaksjonene i Polaris Media for å nå ut til målgruppen 17-24 år?

    Vi har tidlegare hatt ungdomsredaksjon og ungsport-redaksjon, der ungdom har laga saker for unge lesarar.  Den største verdien av desse tiltaka, har vore rekruttering av unge, dyktige medarbeidarar. Mange av dei som fekk opplæring i våre ungdomsredaksjonar, er i dag etablerte journalistar i ulike redaksjonar i Norge. Det siste tiltaket vi gjennomførte var ungdomsredaksjonen Byrampen som vart etablert hausten 2019. Pandemien gjorde det vanskeleg å halde fram med fysiske møte, og dette prosjektet vart dermed avslutta våren 2020.  I samband med årets strategiarbeid vurderer vi ulike tiltak for å nå ut til denne målgruppa. 

    Det kan nemnast at vi har fått til ei ordning som sikrar studentane ved NTNU i Ålesund og ved høgskulen i Volda gratis abonnement på Sunnmørsposten.  Ideen kom frå representantar frå Studentparlamentet i Ålesund, som utfordra næringslivet i nordvest. Dei meinte at dersom studentar skal få lyst til å bli verande på Sunnmøre etter studiet, måtte dei få god kjennskap til næringslivet i regionen. For å bli det, var det nødvendig med abonnement på Sunnmørsposten for å få tilgang til alle pluss-saker. Sparebanken Møre tok imot utfordringa frå studentane, og har bidratt til å finansiere studentabonnement.  

    Avis i skolen er eit svært bra tiltak, som vi kan utnytte langt betre, for å få kontakt med unge lesarar. 


    Mvh
    Hanna Relling Berg
    Ansvarleg redaktør


    Legg til i min rapport