Vestlandsnytt

Vestlandsnytt er eit mediehus som hovudsakleg dekker kommunane Herøy og Sande på søre Sunnmøre. 2021 var prega av svært varierande aktivitet på alle felt i lokalsamfunnet, i tråd med endringar i smittevernrestriksjonar og smittetrykk under den framleis pågåande pandemien. På dei fleste område representerte likevel 2021 eit lyft i høve til det meir krevjande 2020.

Fakta
Samlet opplag 4598
Utgiversted Fosnavåg
Ansvarlig redaktør Endre Vorren (52)
Herøy og Sande
Kommer ut Tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
8700
Daglige brukere på nett
3400
Daglige brukere på mobil
2600
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 2800
  • Redaksjonelle årsverk
  • 4
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 0
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 0

    Mål og prioriteringar

    Det er gjennom Vestlandsnytt folk i vårt område skal finne nyheiter og den viktige samfunnsdebatten. Ei målsetting som vi kontinuerleg legg vinn på å halde, er at det som står i avisa, skal vere til å stole på.

    Årets ti mest leste saker (pluss):

    1. Herøy sette krisestab, gløymde å gje pasientar tredje dose. 
    2. Brann i Fosnavåg. 
    3. Bedriftsleiar må gå. 
    4. Inntektstoppen i Herøy. 
    5. Vaksinasjonsutspel førte til drapstrussel. 
    6. Vassløyse etter leidningsbrot. 
    7. Koronasak med utbrot på sjukeheim. 
    8. Smittesak med mange barn. 
    9. Reaksjon etter smitteutbrot i religiøst miljø. 
    10. Etablering av ny butikk. 

    Vil elles framheve vår satsing dei seinare åra på langlesingssaker som vert presenterte digitalt gjennom Shorthand, og som har fått gode tilbakemelding frå lesarane. Her er eit par døme:

     Cecilie løvemamma 

     Bibbi, Jarl og ei kognitiv svikt

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Vi skal kombinere det å ha eit kritisk søkjelys på det som skjer i lokalsamfunnet, med å – når det er på sin plass – vere ein patriot på vegne av vår region. Vi speglar nyheitsbildet lokalt nærast døgnet rundt. Det er også noko lesarar og publikum i dag etterspør.

    Kven, kva, kvifor, korleis og til kva pris? Det er spørsmål vi har peika ut som viktige ikkje minst innan offentleg forvaltning, men også i nærings- og samfunnsliv . Her skal vi bidra til å få fram svara.

    Vi er lokalavis, og prøvar å lyfte fram dei positive sakene i lokalmiljøet. Samstundes får vi også på dagsorden saker og debattar som set lokalsamfunn og enkeltfaktorar i eit kritisk søkjelys.


     


    Legg til i min rapport

    Spørsmål fra Polaris-stiftelsen til årsrapporten for 2021

    1.
    Under pandemien er media en viktig kanal for informasjon og kommunikasjon fra myndighetene til innbyggerne. Kan den oppgaven komme i veien for selve journalistikken? Hvordan ivaretar dere den kritiske journalistikken og rollen som arena for debatt i dekningen av pandemien?

    Svar: Heilt klart ei aktuell problemstilling. Mykje av informasjonen frå offentlege myndigheiter er av ein slik karakter at det bør kome våre lesarar relativt raskt i hende. På same tid har vi makta å dekke pandemisaka gjennom ei rekkje redaksjonelle artiklar, også med eit til dels kritisk søkjelys. Likevel er enkeltmoment knytt til pandemien gjenstand for grundige medisinskfaglege vurderingar, og det er vurderingar ein i utgangspunktet vanskeleg kan imøtegå. Reint etisk vil det også vere utfordrande å bli talerøyr til dømes for vaksinemotstandarar, då det er omstridde og dårleg fagleg grunngjevne argument som her vert framførte.

    2.
    En redaktør i Amedia trakk seg i 2021 fra sin stilling etter det hun opplevde som uakseptabel innblanding fra eiersiden i redaksjonelle spørsmål. Saken førte til en omfattende debatt om redaktørens frihet og uavhengighet i norsk presse. Føler du deg som Polaris-redaktør trygg på at redaktørens styringsrett alltid blir respektert i ditt konsern? Har du opplevd noen form for uønsket innblanding i redaksjonelle spørsmål fra eiernes side? Har du som redaktør tilstrekkelig frihet til å gjøre egne prioriteringer og valg, for eksempel med tanke på gravejournalistikk, formgivning på nett og lignende? 

    Svar: Eg kjenner meg heilt trygg på at eg har full friheit og redaksjonell uavhengigheit. Det har ikkje på noko tidspunkt vore antydingar til noko innblanding i redaksjonell styring frå administrativt hald. Vi prioriterer våre eigne felt, sjølvsagt innanfor tilgjengelege ressursar. Personalressursar kan sjølvsagt indirekte «styre» til dømes kor mykje,og ofte, vi kan gå i djupna på enkeltsaker og -emne. Vi opplever at konsern stiller gode ressursar til rådvelde når det gjeld formgjeving på nett og papir.

    3.
    Framtidens konsumenter av det redaksjonelle stoffet som mediehusene produserer, er ikke de samme som dagens lesere/seere. I en hverdag preget av sosiale medier er det spesielt viktig at mediehusene søker også å nå de yngre aldersgruppene. Hva gjør redaktørene og redaksjonene i Polaris Media for å nå ut til målgruppen 17-24 år?

    Svar: Vi har heilt klart ei utfordring når det gjeld å nå fram til yngre lesarar, der ikkje minst sosiale medier oftast har førsteprioritet. Vestlandsnytt har med ujamne mellomrom ein artiklar under vignetten «Ung», der helst tenåringar er målgruppe. Her vi som oftast opne saker, tilgjengeleg for alle, slik at dei yngre lettare kan få tilhøyrsle til lokalavisa. Vi har elles eit opplegg på gang i samarbeid med to naboaviser med ei opptrapping av vår satsing på levande bilde, og her kjem unge vaksne inn som viktigaste målgruppe.


    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Prisar

    To av våre journalistar fekk heiderleg omtale og diplom på NJ Møre og Romsdal si samling i haust, for høvesvis foto og journalistisk artikkel.

    Journalistfagleg utvikling

    To av våre journalistar har delteke på fagleg seminar i 2021, elles har pandemien sett ein stoppar for dei fleste fysiske samlingar.

    Etikk

    Vi prøvar å vere bevisste på etiske problemstillingar og saker som må setjast søkjelyset på frå fleire sider. I eit mindre mediehus med knappe ressursar kan dette stundom vere ei utfordring. 

    Falske nyheiter

    Faren for at slike kan dukke opp eller nærast «bli sanningar», verkar aukande. I 2021 var det – i alle fall så langt ein kan sjå - ikkje forsøk på spreiing av falske nyheiter gjennom våre kanalar. Slikt kan vere lettare å avdekke i mindre samfunn som er meir oversiktlege og transparente. Vi må særskilt vere merksame på innhaldet i kommentarfelt. Og: Gjennom lesarinnlegg er det ei mogleg fallgrube. Det er vanskeleg å kontrollsjekke alle påstander og synspunkt, til dømes i klimadebatten.

    Kjeldebruk

    Dette er ei vedvarande utfordring. Ofte er det gjengangarar som kjelder og intervjuobjekt, og det kan vere naturleg i eit relativt lite lokalsamfunn. Vi prøvar å gje ei stemme også til dei som ikkje ropar høgast. Kvinneandelen når det gjeld kjeldebruk er ei klassisk utfordring i eit lokalsamfunn som er dominert av tradisjonelt mannsdominerte næringar som fiskeri, offshore og verft. Her bør vi verte betre.


     

    Endre Vorren

    Ansvarleg redaktør

    Vestlandsnytt

    Legg til i min rapport