Vigga

2021 har vore et godt år økonomisk for Vigga, med oppgang i annonser og abonnentar. Eg har inntrykk av at avisa har eit godt rykte blant lokalbefolkninga og abonnentar utanfor dekningsområdet.

 







Fakta
Samlet opplag 2402
Utgiversted Dombås
Ansvarlig redaktør Hans Erik Kjosbakken, fungerande redaktør
Lesja og Dovre
Kommer ut
Daglige lesere totalt
0
Daglige brukere på nett
0
Daglige brukere på mobil
0
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 0
  • Redaksjonelle årsverk
  • 0
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 0
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 0

    Redaktørens gjennomgang

    Folk verkar også meir bevisste på å bruke nettsida vår til å få med seg siste nytt, og fleire eldre har også hengt seg på denne moglegheita. 

    Vi merker også at GD har svekka sin posisjon i vårt område, noko som er godt for oss, men vi opplever framleis at dei har vore meir frampå i nokre sakar. 

    Siste kvartal av året har derimot vore prega av utskiftingar i staben. Sidan oktober har redaksjonen vore underbemanna, etter at redaktør og dagleg leiar, samt ein journalist i 80 prosent stilling, slutta samtidig. Ny journalist kom på plass relativt raskt, og vi fekk på plass ei ny ordning med konstituert redaktør og dagleg leiar gjennom samarbeidet med Fjuken. Denne ordninga fungerer greitt, men underbemanning har vore eit problem. Vi er no fire faste tilsette i varierande stillingsprosent, og har vore på leit etter en femte sidan hausten 2021.

    Vigga er framleis tettast på lokalsamfunnet i Lesja og Dovre, men her har vi også betringspotensial. Etter at førre redaktør slutta har vi mista ei viktig kjelde til informasjon og kunnskap, særleg for Lesja, men har også skifta litt fokus på kva vi skriv om og korleis vi går laus på sakar. 

    Vi har lett for å fokusere mest på det positive, og kunne vore meir kritiske til lokalsamfunnet i journalistikken. Dette er ei utfordring i eit så lite samfunn, der vi som arbeider også skal bu og leve. Vi har behov for nokon som tør å ta tak i dei vanskelege sakane.

    Det har ikkje blitt gjort større satsingar i løpet av 2021. Avisa har i stor grad gått sin vante gang, trass «idédugnadar» i redaksjonen. Fokuset det siste kvartalet har vore å halde produktet flytande, da overskotet til store satsingar eller omrokkeringar i produktet ikkje har vore til stades.

    Legg til i min rapport

    Spørsmål fra stiftelsen

    1. Vi har hatt eit nøkternt forhold til dekning av pandemien. Det har vore mykje vidareformidling av informasjon frå lokale og nasjonale myndigheiter, men også litt om erfaringar frå lokalt næringsliv med tiltak. Her var vi meir «på» i 2020.

    2. Eg har ikkje opplevd uønska innblanding frå eigarane, og føler at eg har tilstrekkeleg fridom og

    3. Vi prøvar så godt vi kan å fange breidda i lokalsamfunnet, men er ekstra bevisste på sakar der unge er i fokus. Gjerne dei som satsar innan næringsliv eller har flytta til eller attende til Lesja eller Dovre. Utfordringa med aldersgruppa 17-24 er at desse er ofte har flytta ut for å studere. Vi er opptekne av å gjere dei bevisste på produktet Vigga frå tidleg av ved å inkludere dei, utan at vi har ein bevisst strategi på dette.

     

    Simen Rudiløkken

    Redaksjonssjef


     

    Legg til i min rapport