Vikebladet Vestposten

Nyheitsmessig var 2021 eit år med store kontrastar- og med koronapandemien som fast bakteppe- i Hareid og Ulstein. Vikebladet Vestposten har ein stabil stab som også i 2021 var til stades for å dokumentere kvardagen til innbyggarane i dei to kommunane. I periodar måtte avisa produserast frå heimekontor, på grunn av koronasituasjonen. Det prega naturleg nok mykje av det redaksjonelle arbeidet, for sjølv om vårt dekningsområde var skåna for dei store smitteutbrota, vart svært mange idretts- og kulturarrangement avlyste. 2021 hadde også lokale hendingar som prega nyheitsbildet nasjonalt og internasjonalt: lynnedslaget på fjellet Melshorn som tok to unge liv, og OL-gullet til Karsten Warholm frå Dimna IL. Oppi dette finn du lokalavisa, som skal formidle både sorg og glede.

 


Fakta
Samlet opplag 4494
Utgiversted Ulsteinvik
Ansvarlig redaktør Linda Eikrem (50)
Hareid og Ulstein
Kommer ut Tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
9100
Daglige brukere på nett
5500
Daglige brukere på mobil
4400
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3300
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 0
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 0

    Mål og prioriteringar

    Vikebladet Vestposten skal vere ein viktig og synleg aktør i lokalsamfunnet. Målet er å setje dagsorden, ha saker som engasjerer innbyggarane og la flest mogleg få kome til orde.  Målet er også å spegle det mangfaldige samfunnet vi dekkjer, det gjeld både næringsliv, kulturliv og samfunnsliv. Vi skal setje fingeren på det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, men vi skal også fortelje suksesshistoriene om dei som lukkast. 

    Vi skal vere nær lesarane våre og senke terskelen for å snakke i lokalavisa. Vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter, og på nett skal vi halde fram med å vere den største nyheitsportalen i vårt dekningsområde. I 2021 hadde vi nesten over tretten millionar sidevisningar, knapt to millionar fleire enn i 2020. Det er svært gledeleg at plusstrafikken vart nesten dobla frå 2020 til 2021. Målet er å få endå fleire av lesarane til å bruke det digitalet tilbodet vi har, og sjølvsagt også å få nye lesarar. Ved utgangen av 2021 hadde Vikebladet Vestposten 4061 abonnentar. 1862 (24,2 prosent) hadde då kun eit digitalt abonnement, eit prosenttal vi ventar skal stige i 2022- sidan mange seier opp papirabonnementet.

    Målet er også at det lokale næringslivet skal annonsere i avisa, både på papir og digitalt- men vi ser at stadig fleire vel til dømes sosiale medium som Facebook og Instagram for å fortelje om tilbod og kampanjar.

    Det er ikkje alltid vi klarer å leve opp til desse måla. Redaksjonen er liten og sårbar for fråvær/sjukdom, og det er slett ikkje alltid vi rekk over alt lesarane ventar vi skal rekke over. Produksjonstempoet er vanlegvis høgt og gir lite rom for å jobbe lenge med sakene- men koronasituasjonen frå mars 2020 endra situasjonen, og har til tider gjort det vanskeleg å finne noko å skrive om- fordi samfunnet har vore så nedstengt. 


     


    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Ifølgje Ver Varsam-plakaten er samfunnsoppdraget tredelt: vi skal informere om det som skjer, opne for debatt og overvake dei som sit med makta i samfunnet.

    Lokalavisa skal gje lesarane noko å prate om, vere noko innbyggarane har felles. Det forpliktar. På vikebladet.no ser vi at lesarane ventar at vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter. Er det til dømes brannutrykking, ser vi at lesartala sprett i vêret. I tillegg til å følgje politi, vegtrafikksentralen og 110-sentralen på twitter, er vi avhengige av tips og sosiale medium for å få med oss slike hendingar. Lesarane våre er flinke til å tipse og sende bilde, og det er spesielt gledeleg at også unge menneske ser ut til å ha eit aktivt forhold til avisa. Også i 2021 var saker som handla om ulukker, leiteaksjonar, ferjetrøbbel og lovbrot mellom dei mest lesne på nettsida vår. 

    Vi har journalist på alle formannskaps- og kommunestyremøte i både Hareid og Ulstein, og vi meiner det er viktig å følgje med på dei som bestemmer i kommunane og å fortelje lesarane kva som vert sagt og avgjort på desse møta. Vi opplever at mange av lesarinnlegga handlar nettopp om saker som vert behandla av administrasjon og politikarar i dei to kommunane. 

    Både Hareid kommune og Ulstein kommune har eigen informasjonsmedarbeidar, og vi ser at det framleis er viktig å ha ei uavhengig avis med fritt kjeldeval og kritisk blikk på dei som sit med makta. Diverre skjer det stadig at maktpersonar prøver å påverke måten artiklar blir vinkla på, til dømes er det mange som ventar at lokalavisa kun skal skrive om det som er positivt. 

    Som lokalavis er det også viktig å la så mange som mogleg frå dekningsområdet vårt få kome til orde, dette gjeld både som intervjuobjekt, på kommentarplass og gjennom lesarinnlegg. Også i 2021 hadde vi i kvar fredagsavis ein kommentar frå ein ekstern skribent. Fleire av dei var ungdomar, dei yngste i ungdomsskulealder. 

    Å fortelje om det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, er også ein del av oppdraget. Då Hareid kommune foreslo å redusere talet på sjukeheimsplassar, var det naturleg å intervjue dei som tok til motmæle. Og då Kongsberg Maritime bestemte seg for å flytte ei avdeling frå Ulsteinvik til Finland, reagerte dei tillitsvalde sterkt.

    Også i 2021 hadde vi temasider om kjærleik i samband med morsdag og Valentinsdag. I juni samarbeidde vi med Vestlandsnytt om temasidene «Kortreiste feriegleder».

    Vi gav også ut temasider i samband med Heimebanefest og Trebaatfestivalen i Ulsteinvik i vekene 32 og 33. 
    Legg til i min rapport

    Mest lesne saker

     

    Legg til i min rapport

    Svar på spørsmål frå stiftinga

    1.Under pandemien er media en viktig kanal for informasjon og kommunikasjon fra myndighetene til innbyggerne. Kan den oppgaven komme i veien for selve journalistikken? Hvordan ivaretar dere den kritiske journalistikken og rollen som arena for debatt i dekningen av pandemien?

    Dette er eit sentralt spørsmål, for kven sit på sanninga og fakta om koronapandemien? For meg som redaktør har det vore spesielt utfordrande å redigere debattsidene i denne perioden. Særleg i starten av pandemien herska det mykje forvirring i lokalsamfunnet, og i starten famla vi nok litt og hadde ganske låg terskel for å sleppe til lesarinnlegg. 

    Etter kvart stramma vi meir til, og luka vekk innlegg som formidla feilinformasjon, misforståingar og det ein kan kalle konspirasjonsteoriar. I korte trekk handla det om påstandar om at pandemien ikkje er reell, men skapt av media, at viruset er menneskeskapt, påstandar om at vaksinen ikkje er trygg og at folk kom til å døy i hopetal etter å ha teke vaksinen, som er eit biovåpen. Døme: Eit innlegg som samanlikna vaksinering på sjukeheimar med Arnfinn Nesset-saka, kom ikkje på trykk. Felles for mange av innlegga har vore at forfattarane har støtta seg på informasjon henta frå The University of Youtube & Facebook, at dei ikkje trur på informasjonen som kjem gjennom det dei kallar mainstream-media som NRK, TV2, VG, Aftenposten og lokalaviser- og at dei er svært kritiske til norske styresmakter si handtering av pandemien.

    Pressas Faglege Utval har sagt mellom anna dette: «Når det gjelder innsendte meningsytringer, stilles det normalt ikke like høye krav til kildekritikk og opplysningskontroll, som til stoff redaksjonen selv produserer. Men det betyr ikke at slikt stoff går fri fra presseetisk kontroll. PFU har mange ganger understreket viktigheten av å ha gode rutiner for etisk vurdering av innsendt materiale.»  

    Vi valde å støtte oss til informasjon og vurderingar frå lokale smittvernlegar og kommuneoverlegar, som igjen fekk retningslinjer frå norske helsestyresmakter som Folkehelseinstituttet og Helsedepartementet. Mi vurdering har vore at i ein pandemi, som har vore så inngripande i livet til dei aller fleste og også får konsekvensar for helsa til kvar enkelt, så er det viktig at informasjonen som kjem ut er bygd på fakta frå offisielt hald. Eg har difor refusert ein del lesarinnlegg og har dermed vorte skulda for å drive sensur og for å vere kjøpt og betalt av norske styresmakter. Eg meiner det ikkje er snakk om sensur, eg vil berre ikkje at avisa skal vidareformidle falske nyheiter.

    Når det er sagt: det er viktig å få fram motstemmene i pandemien og også skilje mellom meiningar og faktapåstandar. Dette gjorde vi td i saka om ein mann som stod ved barne- og ungdomsskular for å dele ut brosjyrar med vaksineåtvaring. I same sak vart både rektorar og ein kommuneoverlege intervjua. I ei anna sak intervjua vi eit ektepar som er sikre på at dei vart koronasmitta allereie i februar 2021. Dei er kritiske til at legesenteret i heimkommunen ikkje tek antistofftest, og dermed får dei ikkje svar på om dei faktisk har hatt korona.

    2. En redaktør i Amedia trakk seg i 2021 fra sin stilling etter det hun opplevde som uakseptabel innblanding fra eiersiden i redaksjonelle spørsmål. Saken førte til en omfattende debatt om redaktørens frihet og uavhengighet i norsk presse. Føler du deg som Polaris-redaktør trygg på at redaktørens styringsrett alltid blir respektert i ditt konsern? Har du opplevd noen form for uønsket innblanding i redaksjonelle spørsmål fra eiernes side? Har du som redaktør tilstrekkelig frihet til å gjøre egne prioriteringer og valg, for eksempel med tanke på gravejournalistikk, formgivning på nett og lignende?

    Det er enkelt å svare på dette tredelte spørsmålet: Ja, eg er trygg på at redaktøren sin styringsrett blir prioritert. Nei, eg har ikkje opplevd uønskt innblandinga frå eigarane. Og ja, eg har fridom til å gjere eigne prioriteringar og val. Etter snart fem år i Polaris Media har eg ikkje inntrykk av at det er nokon kultur for at eigarane skal blande seg inn i redaksjonelle vurderingar. Hadde det skjedd, trur eg det store redaktørfellesskapet hadde reagert massivt. Når det er sagt: styret i Vikebladet Vestposten legg sjølvsagt føringar gjennom budsjettet. Td er det for 2022 sett av pengar til ei større satsing på levande bilde, saman med Vestlandsnytt og Møre-Nytt. Eg opplever ikkje det som «uønsket innblanding».

    3. Framtidens konsumenter av det redaksjonelle stoffet som mediehusene produserer, er ikke de samme som dagens lesere/seere. I en hverdag preget av sosiale medier er det spesielt viktig at mediehusene søker også å nå de yngre aldersgruppene. Hva gjør redaktørene og redaksjonene i Polaris Media for å nå ut til målgruppen 17-24 år?

    Vikebladet Vestposten har ikkje ei eiga Ung-satsing. Vårt mål er at også denne aldersgruppa skal involverast i det daglege arbeidet med avisa, som tipsarar, intervjuobjekt og bidragsytarar. I fleire år har vi td hatt samarbeid med MOT Ulstein og ungdomsrådet i Hareid, for å få fleire unge til å engasjere seg i den lokale debatten. Fleire ungdomar har på denne måten bidrege med kommentartekstar, som er fast i fredagsavisa. Det er også eit faktum at svært mange i aldersgruppa 17-24 år ikkje bur i Ulstein og Hareid- dei reiser gjerne ut for å ta høgare utdanning etter vidaregåande, sidan det ikkje er høgare utdanningstilbod i heimkommunane. Og så kjem mange tilbake når dei er ferdig utdanna. Difor har vi nok ei meir medviten satsing på å nå dei unge vaksne i alderen 25 til 40 år, dei som etablerer seg med familie, bustad, hund og sjusetar- og helst eit abonnement på lokalavisa.


    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Heile redaksjonen har, pga koronasituasjonen, halde seg svært i ro også i 2021, og ingen har reist på kurs. Men vi har hatt god nytte av interne ressursar i Polaris Media som har jobba med redaksjonell innsikt og analyse- og det har vore gjennomført fleire digitale og fysiske møte om temaet. Vi har jobba spesielt med å utvikle nettsida, og med å promotere nettsaker gjennom nyheitsvarsel.

    Mot slutten av 2020 investerte redaksjonen i streamingutstyr og hadde sett fram til å bruke dette mykje i 2021. Koronasituasjonen gjorde at det meste av idretts- og kulturarrangement vart avlyst, men vi fekk streama nokre fotballkampar- og redaksjonelt tilsette fekk prøve seg på filming og kommentering.

    Ein av journalistane i redaksjonen, Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, er framleis leiar i Møre og Romsdal Journalistlag.

    Vikebladet Vestposten vart ikkje klaga inn til PFU i 2021.


    Legg til i min rapport