1. Koronapandemien: Hva har vært de største utfordringene redaksjonen har møtt knyttet til Covid-19?
Den største utfordringa knytt til Covid-19 har vore nedstenginga og at kommunen har vore svært tilbakehaldne med informasjon. Bømlo-nytt innførte heimekontor kring 9. mars, altså før regjeringa stengde ned. Overgangen til heimekontor for redaksjonen har gått bra, men det er ei utfordring at me ikkje får treffast fysisk. Journalistane saknar dei gode spontane møta. At alt anna stengde ned gjorde også at alle vart mindre tilgjengelege fysisk, og me har nok ikkje vore gode nok på å gå ut og treffe folk. Biletarkivet har vore brukt altfor ofte, både fordi me ikkje har fått tilgjenge til å ta nye bilete, eller at ting har teke lengre tid. Journalistane har også hatt utfordringar med at dei har nære og kjære i risikosoner eller som helsearbeidarar, og har vor eurolege for smitte. Å gå på jobb med munnbind har også vore ei utfordring.
2. Produksjonspress og idéutvikling: Er det tid til å utvikle egne journalistiske prosjekter, eller må dere bare løpe for å oppfylle alle forventningene fra omgivelsene?
Bømlo-nytt har ikkje knytta til seg frilansarar, bortsett frå ein fotograf. I 2020 har det ikkje vore prioritert å setje av tid til prosjektutvikling for kvar enkelt av journalistane. Både på grunn av koronaen som me ikkje visste korleis ville utvikle seg, og at me har nok vore under press frå omgjevnadene om å levere saker og på alle plattformer. Men dei har relativt stor fridom til å fremje eigne idear og saker, noko som kan vera med og bøta på manglande prosjektutvikling i eit utfordrande år.
3. Debatter og kvalitet i kommentarfelt: Hva slags rutiner har dere for overvåkning og moderering av kommentarfelt? Hvordan opplever dere at utviklingen er hva angår debattnivået?
Bømlo-nytt har opne kommentarfelt under artiklane, men dei blir svært sjeldan nytta av lesarane våre. kommentarane legg dei på Facebook-side vår, der det sjeldan er behov for moderering. Lesarane våre held jamnt bra debattklima. Dei tøffaste debattane om sakene går nok på andre sine Facebooksider, og ikkje på lokalavisa sine.