Sunnhordland

2020 var først og fremst koronaåret. Året der me alle og ein fekk kjenna på kor sårbare me er i møte med eit virus me ikkje klarer å kontrollera. For oss som mediehus har covid-19 fått store følgjer på den økonomiske sida som følgje av ein kraftig svikt i annonseinntekter. For redaksjonen har situasjonen gitt ein enorm auke i interesse for nyhende. 2020 var også året der me som redaksjon for alvor har teke i bruk dei digitale verktøya, analysert kva folk ønskjer å lesa om og brukt dette i dei redaksjonelle prioriteringane. Våre lesarar ønskjer ei framoverlent nyheits- og næringslivsdekning. Dei vil ha rask og god rapportering frå hendingar, og dei vil ha saker der me kjem nær folk i regionen vår. Samstundes så kjenner me i redaksjonen at det er dette me ønskjer å jobba med. I 2020 kom Sunnhordland eit godt stykke på vegen. I 2021 skal me bli endå betre!

Fakta
Samlet opplag 6638
Utgiversted Stord
Ansvarlig redaktør Hilde Vormedal Nybø
Sunnhordland
Kommer ut Mandag, onsdag og fredag
Daglige lesere totalt
20600
Daglige brukere på nett
12400
Daglige brukere på mobil
11200
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 5872
  • Redaksjonelle årsverk
  • 8
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 146
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 0

    Mål og prioriteringer

    Sunnhordland skal vera det mediet som gir folk i regionen vår dei viktigaste nyheitene. Me skal gi innbyggjarane informasjon og forklara hendingar. Me skal engasjera og fremja den politiske debatten. Sunnhordland skal laga journalistikk på næringslivet, kulturlivet og den lokale sporten. Me skal sjå makta i korta og vera vaktbikkje. Samstundes skal me løfta fram personar og initiativ som gjer at samfunnet vårt blir ein betre stad å bu og leva.

    For oss og dei fleste andre blei 2020 året som snudde opp ned på verda slik me trudde den var. Plutseleg var det «farleg» alle andre stader enn heime. Til og med på hytta!

    Den spesielle situasjonen saman med det store behovet for nyhende gjorde at me verkeleg fekk fortgang i den digitale tenkinga. Her endra nyhendebilete seg time for time, og det gjaldt å henga med. Me fekk no fullt utbyte av dei digitale publiseringssystema våre. Fokuset er primært på lesing av pluss-saker. Me har også gjort organisatoriske endringar og mindre grep i papiravisa som gjer oss meir fokusert på journalistikken og mindre på papirproduksjon.

    Det gledelege er at lesarane i stor grad ønskjer seg kvalitetsjournalistikk. Lesarane vil ha skikkelege saker om folk! I koronaåret har me produsert mange slike saker. Me opplever at kjeldene gir oss stor tillit og deler, og at dei ved å fortelja og dela får mykje tilbake, noko som igjen gir oss nye gode historier.

     

    Blant sakene me har fortalt i 2020 er saka om sjøfartsdirektør Olav Akselsen som fekk kreft i hjernen. Saka publiserte me i magasinet vårt Mitt Sunnhordland i mars.

    I oktober laga me ein 14 siders reportasje om fem unge lokale kvinner som har fått brystkreft.

    I samband med handsaminga av budsjettet i Stord blei utsetting sjukeheimsplassar ein av dei mest diskuterte sakene. Me hadde i forkant vore i kontakt med pårørande til pleietrengjande som ikkje fekk plass, men dei våga ikkje fortelja om situasjonen. I desember fekk me kontakt med ei dotter som var fortvila over at hennar demenssjuke mor skulle sendast heim like før jul. Me skreiv saka og følgde opp med fleire saker. I slutten av månaden rapporterte rådmannen om avvik på avvik og at ein ville opna nye sjukeheimsplassar snarast. Dette er ei sak som me tek med oss inn i 2021.


    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    For vår del har 2020 vore eit «kursfattig» år, men eit år der me har fått oss digitale ferdigheiter ved å læra gjennom handling. Me har testa, gjennomført, publisert og målt. Og dette har gjeve oss erfaring og kunnskap som me tek med oss vidare. 

     Når det gjeld prisar så var det gjævaste i 2020 å bli nominert til årets avisframside som éin av fem av i alt 550 innsende bidrag. Det var framsida av magasinet Mitt Sunnhordland som blei nominert. Saka heiter «Hendene som forma Kværner». Framsida var forma ut av mediegrafikar Mari-Anne Korsvik. Saka var laga av journalist Ingvild Siglen Berger og fotograf Marius Knutsen.

    Fotojournalist hos oss, Henrik Mundal Andreassen, fekk pris for Årets bilete i Haugesund Journalistlag. Prisen fekk han for eit flott bilete av arbeidskollegaene til Michail Blazevic (43) som omkom på Stordabrua. 43-åringen mista livet då bilen han køyrde blei treft av delar av taket på eit vogntog.

    Legg til i min rapport

    Etikk

    I eit hektisk nyheitsår bli det gjort raske val. Av og til treff me innertiar. Ofte er det ok og godt innanfor, men og av og til blir det bom. Sunnhordland har i løpet av året hatt éi sak i PFU, og her blei me felt. Saka gjekk på tittel på ei sak om ein lokal FrP-politikar som kom med ein interpellasjon som handla om ytringsfridom. Interpellasjonen kom to dagar etter Sian-opptøyane i Bergen. Omtrent samstundes var fleire sentrale Frp-arar ute og forsvarte Sian sin rett til å komma med ytringane mange oppfattar som krenkjande.

    I dette «klimaet» misforsto med den lokale politikaren i nettsaka, og då me gjorde forsøk å retta opp tabben klarte me å misforstå på ny. Me prøvde å komma politikaren i møte med minneleg ordning, men han ville ha PFU-behandling.

    Saka viser for vår del korleis ein kan gå seg «blind» i ord og ei forståing, og kor viktig det er at fleire augo ser på ei sak. Dette har me lært mykje av.

    Lenkje til avgjerda finn du her.

    Elles har det vore ein del diskusjonar i avisa knytt til tema og bilag. Avisa har opp gjennom åra laga ein del produkt som har vore sett på som «samarbeidsprosjekt» mellom avisa og eksterne aktørar. Dette har me no rydda opp i slik at det aldri skal vera tvil om kven som står bak utgjevingane, og at me ikkje skapar utryggleik eller tvil om den redaksjonelle integriteten.

    Legg til i min rapport

    Prosjekt

    Med lockdown måtte me tenkja nytt for å gi folk noko å gle seg over. Me arrangerte «strøyme-konsertar» og laga tv-program og skaffa oss slik ny digital kompetanse. I løpet av hausten har me også laga vår første podkast-dokumentar «Camilla vil ha baby» om ufrivillig barnløyse. I podkasten følgjer me Camilla i nesten eitt år. Me er med til gynekologen og på graviditetstesting. Dette er eit prosjekt som me også fekk midlar frå Fritt ord til å laga.

    Som i fjor gjekk med ut av avisåret med konkurransen «Årets namn». Vinnaren i år blei koronalege Kristine Borgemyr, og ho gav premien på 10.000 kroner vidare til foreininga Ups and Downs i Sunnhordland. Me fekk i år inn innspel om 70 namn, og det var over 700 som deltok i røystinga. Dette er eit veldig kjekt prosjekt som gir oss mogelegheit til å heidra folk som gjer ein ekstraordinær innsats.

    Legg til i min rapport

    Svar på spørsmål fra stiftelsen

    1. Koronapandemien: Hva har vært de største utfordringene redaksjonen har møtt knyttet til Covid-19?

    2020 har vore eit spesielt år å jobba i lokalavis. Artig, men forferdeleg travelt. Me som har ein liten og ambisiøs redaksjon har i periodane med mest koronatiltak og smittepress, kjent på at det har vore eit enormt informasjonsbehov. Me er så få at me til vanleg slit med å ha folk på jobb frå klokka 07 om morgonen til klokka 20 på kvardagar. Til vanleg er det i dette tidsrommet det er viktigast å ha folk på jobb. Men i korona-året har det vore annleis. No har det dukka opp pressemeldingar og oppdateringar på alle slags tidspunkt. I dei mest hektiske periodane har det vore jobba store delar av døgeret. At ein i lange periodar også har hatt heimekontor har ikkje gjort situasjonen lettare. Folk har jobba på seg «vondtar» både her og der. Heimekontor i seg sjølv er langt frå optimalt i redaksjonelt arbeid der ting skjer fort. Me kjenner på korleis me treng å vera saman. Kor mykje lettare er det ikkje å kommunisera ansikt til ansikt. Så mykje mindre misforståingar og frustrasjonar, og ikkje minst kor mykje meir energi blir det ikkje når me er til stades!

     


    2. Produksjonspress og idéutvikling: Er det tid til å utvikle egne journalistiske prosjekter, eller må dere bare løpe for å oppfylle alle forventningene fra omgivelsene?

    2020 har me har teke i bruk dei redaksjonelle dataverktøya til å større grad å måla sakene me har jobba med. Covid-19 har prega nyheitsbilete frå mars. Me hatt redaktørbyte og me har i storparten av året mangla ein journalist. Denne blandinga har vridd innhaldet vårt hardare mot nyheiter og bort frå «pliktsaker». I 2020 har me vore heilt nøydde til å prioritera mykje strammare. Noko anna ville vore uforsvarleg. Samstundes så har jo 2020 vore eit år det det ein som vanleg «må» dekka av arrangement, har blitt avlyst. Det at me sjølve i større grad har teke regien har også gjort at me har fått gjennomført eigne saker. Me har også teke i bruk sosiale media på nye måtar som har gjeve oss nytt kjeldetilfang. Me opplever at dei nye måtane å jobba på gir oss mange tilbakemeldingar, noko som er inspirerande. 

    3. Debatter og kvalitet i kommentarfelt: Hva slags rutiner har dere for overvåkning og moderering av kommentarfelt? Hvordan opplever dere at utviklingen er hva angår debattnivået?

    Hos oss er debatten i kommentarfelt i stor grad flytta over på Facebook. Me postar så godt som alle saker på Facebook. Det er berre unnataksvis at det blir kommentert direkte på artiklane. Det overordna inntrykket er at når ein kommenterer med facebookprofilen i eit lokalsamfunn der folk i stor grad veit kven som er kven, gjer at folk legg band på seg og ikkje «trollar». Nokre saker veit me av erfaring at kan gi utslag som me ikkje ønskjer. Dette gjeld mellom anna delar av Pride-debatten og enkelte krim-saker. Saker som me på førehand fryktar at vil løpa løpsk unngår me å leggja ut på Facebook. Elles så har kveldsvakta hos oss som oppgåve å leggja ut på Facebook og sjekka innboksen og kommentarar. Me fjernar kommentarar med personangrep.

    Heldigvis så er det først og fremst dei positive sakene som får folk til å engasjera seg, og då «heier» dei gjerne på andre!

     

    Legg til i min rapport